I serien Sjømannspresten har vi det siste året fylgt Steinar Rishaug frå Ørsta, som har vore ambulerande sjømannsprest i Asia. Sidan han no skulle pensjonere seg ynskjar vi å fylgje denne serien med ein ny sjømannsprest.

Annstein og Kristianne Lothe, frå Ellingsøya, har i år reist til Thailand for å arbeide som sjømannsprest og diakonal arbeidar i SJømannskyrkja der. Vi skal i tida framover fylgje dei i arbeidet, og i fyrste episode får vi høyre frå sjømannsprest Annstein Lothe litt om kven dei er, kvifor dei har valgt å reise til Thailand i dette embetet, og litt om korleis COVID-19 har slått til i landet og pregar arbeidet.