Madagaskar er øya der dei døde lever og framleis bestemmer det meste som skjer mellom dei levande. Det å verte gravlagt i familiegrava, er det ekstremt viktig for det er der du skal tilbringe æva. Med jamne mellomrom vert gravene åpna slik at dei døde kan verte stelt. Når dette skjer er det store festar til den dødes ære. Dette er viktig slik at dei døde ikkje straffar deg, men gjev deg velsignelse.