I 1932 kunne folket i Volda ta i bruk si nye kyrkje etter at den gamle brann ned nokre år tidlegare. I den nye kyrkja var det også eit heilt nytt orgel, som har vore til glede for kyrkjelyden i fleire generasjonar. Men no har tida innhenta orgelet, og det kan ikkje lenger brukast. Vi har snakka med kyrkjeverge Jostein Stråbø om kva planar som ligg føre for at Volda kyrkje igjen skal ha eit godt og tenleg orgel.