Taliban si maktovertaking i Afghanistan gjer at Nord-Korea for første gong på 20 år ikkje toppar lista over dei landa i verda med størst forfølging av kristne. I Afghanistan driv styresmaktene eit målretta og systematisk arbeid for å oppsøke dei kristne og drepe dei. Samstundes har situasjonen vorte enda meir vanskeleg i Nord-Korea. Vi finn også nokre nye land på årets liste fortel fagleg leiar i Åpne Dører, Ole Petter Erlandsen.