Yael frå Eritrea: «Dine bønner er til stor hjelp!»

I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Eritrea, land nr 6 på Åpne Dørers forfølgingsliste. Forfølginga i landet får eit ansikt gjennom eit sterkt møte med Yaels familie. Korleis opplevast det at mannen din ein heilt vanleg ettermiddag blir arrestert – berre fordi han trur på Jesus? Kva med den vonde uvissa og saknet? Yael var gravid i 8.mnd då ho opplevde dette. «Når du ikkje veit om mannen din vert sett fri, mister du håpet. Men Gud er med deg! Han støtter deg, gir deg kraft og fred under alle omstendigheiter», seier Yael. Etter 1 år og 9 mnd blei ektemannen sett fri, og gleda var stor. Likevel er frykten for ny arrestasjon alltid til stade. Slik er det å vere truande i Eritrea.  I programmet får du lære meir om forfølginga i Eritrea. Det vil kanskje overraske deg at kristne vert forfølgde, også av sine «eigne». Den ortodokse kyrkja har problem med å akseptere kristne som tilhøyrer andre retninger innanfor kristendommen, og dei opplever desse som ein trussel mot eige hegemoni. Du får elles høyre Rune Ludvigsen synge «Hvor stort det blir».